ILA-påvisning i Kvinnherad

Nyheter
750

Det er påvist infeksiøs lakseanemi (ILA) ved sjølokaliteten 24937 Nebbo, eid av Lingalaks.

Pharmaq Analytiq har stadfesta gjennom A-prøven, at dei har funne ILA-virus på sjølokaliteten 24937 Nebbo.

Alle nødvendige offentlege instansar vert no kopla inn, og me er i tett dialog om det vidare arbeidet, skriv Lingalaks i ei pressemelding.

Lingalaks sin fisk på lokaliteten er planlagt utslakta i løpet av dei neste fire dagane.

Me har no fullt fokus på å sørga for at smitte ikkje sprer seg, og har kontakt med alle fartøy og personar som har vore på denne lokaliteten den siste tida. Alle som ferdes og driv aktivitet i området må visa nødvendig aktsemd, slik at risiko for spreiing av sjukdom vert minimal, skriv Lingalaks i meldinga.