Havbruk Vest rekrutterer fra ungdomsorganisasjon

Nyheter
1148

Havbruksnæringa er inne i eit generasjonsskifte. Då Sjømat Norge Havbruk Vest skulle finne nye styrerepresentantar, såg dei til bransjen sin veksande ungdomsorganisasjon.

Erlend Vassbotten, Håvard Tennebø og Sicelie Troland var alle involverte i oppstarten av
ungdomsorganisasjonen YoungFish. No er alle tre anten fast medlem eller vara til styret i Sjømat Norge sitt regionlag i vest.

Læretid
Håvard Tennebø (27), til dagleg tilsett i Blom Fiskeoppdrett, fortel at han først hadde ei open tilnærming til vervet i organisasjonen, men at han byrjar å bli varm i trøya.

-I fyrste omgang var målet å få eit innblikk i korleis administrative spørsmål og utfordringar vert behandla på dette nivået. Etter kvart har eg gått meir over til å vere med å kommentere og påverke saker som omfattar næringa si interesse på vestlandet. Dette er veldig spanande, og ofte svært komplisert.

Han meiner dialogen organisasjonen har med styresmaktene, men også internt i næringa, er viktige roller for Sjømat Norge.

-Eg har alltid meint at næringa burde hatt ein endå tettare dialog med sektormyndigheiter, for å få ei forståing for kvarandre sine utfordringar og tenkemåte. Til dette formålet er Sjømat Norge ein utmerka kanal. Likeins meiner eg at ein samla organisasjon, som jobbar for å få dei ulike verksemdene i havbruksnæringa til å jobbe saman mot felles mål, og til å knytte ein tettare dialog på tvers av fylkesgrenser og verksemdområder, bidrar til ei sterkare og meir framtidsretta næring.

Tennebø peiker på at ved sidan av gode diskusjonar i styrande forum, må Sjømat Norge alltid ha ein god dialog med medlemsmassen.

-Det er vel så viktig at Sjømat Norge er aktive ut mot sine medlemmar, som omvendt. Potensialet i organisasjonen meiner eg er stort, men den vert ikkje betre enn kommunikasjonen og kulturen for ein aktiv tovegsdialog mellom organisasjonen og medlemmane. Difor er det viktig at Sjømat Norge legg til rette for ein aktiv og god dialog med sine medlemmar, for denne kulturen må byggast ovanfrå.

Næring for framtida
Erlend Vassbotten (27) er tredje generasjon fiskeoppdrettar i ein familie som mellom anna har bygd opp og eig Steinvik Fiskefarm i Flora kommune. Han jobbar til dagleg i Lerøy Vest.

Han meiner Sjømat Norge er ein viktig instans i utviklinga av framtidas laksenæring.

-Det er mange og viktige problemstillingar som blir jobba med til ei kvar tid gjennom ulike ledd i organisasjonen. Ein fellesnemnar for desse er korleis havbruksnæringa får drive i framtida. Då tenkjer eg meir spesifikt på arbeidet rundt produksjonsområde og luseforskrifter. Også arbeidet med overvaking av elvar kan nemnast.

Sjølv om mange engasjerer seg i organisasjonen sitt arbeid, trur han dokumentmengda og dei tunge faglege problemstillingane ofte hindrar folk i å kome med innspel.

-Det er ofte kompliserte saker som blir behandla. Til dømes innføring av produksjonsområde og trafikklysordninga. Det krevst at ein set seg inn i desse sakene for å forstå konsekvensar for eiga drift. Sakene er ofte tungleste og kompliserte, og det tek ressursar for å bryte desse ned. Difor hender det at innspela kjem seint i prosessen, like før avgjerdene skal takast. Eg kan forstå at det ikkje er like lett for alle å være på tå å hev når det gjeld forskrifter og reguleringar til ei kvar tid.

Unge tilfører nye perspektiv
Sicelie Troland (32) kjem også frå ein oppdrettsfamilie, og har hatt engasjementet for næringa med seg frå barndomen av. Ho er utdanna fiskerikandidat frå Universitetet i Tromsø, og jobbar i dag som salssjef hos utstyrsleverandøren Steinsvik. Ho meiner den aukande graden av høgare utdanning i næringa gjere ungdomen attraktive til styreverv og leiande posisjonar.

-At der kjem unge, friske auge inn og ser på problemstillingane på ein annan måte, gir større breidde og variasjon på kunnskapen og synspunkta opp mot kvar sak som blir diskutert. Ofte har dei yngre ein annan utdanningsbakgrunn enn dei som er gründerar i verksemdene.

Også Erlend Vassbotten støttar opp under dette synet.

-Eg trur det ikkje berre er viktig, men heilt nødvendig å sleppe unge til. Eg har trua på at ei god blanding av menneskjer med ulik fartstid i bransjen skapar god dynamikk. Dette gir dei yngre, som meg sjølv, ei bratt læringskurve og kanskje dei meir erfarne eit friskt pust til organisasjonen med nye synsvinklar.

Han meiner ein overlapp mellom dei eldre og garva tillitsvalde er viktig.
-Det er viktig med kontinuitet, slik at dei som ynskjer ei framtid i bransjen får lov til å sleppe til, samt bli inkludert. Det skal og seiast at det er vel så viktig at folk som sit i slike organisasjonar ynskjer å sitte der, og vil bidra med kompetanse, idear og kunnskap.