Haustar sukkertare i Solund

Nyheter
1090

– Vi sådde han i august, og planta han i sjøen i oktober. Gjennom vinteren utviklar taren seg frå å vere veldig små til å bli opp til 1,5 meter eller meir, seier nederlandske Job Schipper i Hortimare til NRK Sogn og Fjordane.

På lange tau planta selskapet taren rundt oppdrettsanlegget til Sulefisk i Solund. I mars var det ikkje lange stilkane ein kunne sjå, men nokre månadar etterpå er taren moden for hausting.

– Dette året har taren vakse veldig godt. Vi trur det er fordi temperaturen ikkje var så låg. Vi vil vere klare til å utvide meir neste år. Planen er at det skal bli større og større, seier Schipper med han trekkjer opp nye tau fulle av tare.

I år har dei hausta 3,5 tonn tare frå dei kring hundre metrane med tau som dei har plassert rundt om Fureholmen i Solund. Taren har fått næring frå fiskeoppdrett, og fiskane har i retur fått sjøprotein inn i fôret.

Selskapet meiner taren er ein ressurs som kan bli nytting framover, på grunn av sjøproteinet han lagar. Taren kan brukast til vidare forsking, i dyrefôr, mat og legemidlar.

– Proteinet blir generert direkte frå sollyset og går rett inn i planten, fortel nederlendaren til NRK.