Forpliktande samarbeid fungerer

Meninger
894

Tilløpa til møteplassar, klynger og nettverk er nærast tallause i norsk næringsliv. Klyngedanning er både eit mantra blant forskarar og forretningsutviklarar, og eit vilkår for tilgang på offentlege midlar til forsking og utvikling.

Desse initiativa genererer ei enorm mengde møter, konferansar og nettsider, men det er svært ulikt i kva grad ein kan oppfatte dei som konkret produktive. Så kva vil suksesskriteria vere for å løyse ut verdifulle samarbeid? Salmon Group har gjort nokre heilt konkrete erfaringar her.

I vår eigen organisasjon har vi bygd eit mangfald av samarbeid ut frå grunnlaget med ein felles fôravtale. Forpliktande samarbeid om innkjøp skapte ein tillit til at ein kunne ha nytte av å samarbeide om fleire ting. I dag kjøper vi ei rekke produkt og tenester saman, pluss at vi utviklar programvare og samordnar innspel til politikarar og forvaltning.

I selskapet CO2Bio har vi jobba saman med næringsaktørar, forskarar og det offentlege for å få på plass mikroalgeproduksjon på Mongstad. Dette skal vere med og løyse ei utfordring som vil bli større med vekst i produksjonen; tilgang på fôrråvare. Målet var tydeleg, men ansvarsdelinga har vore meir kronglete. Kven har størst ansvar for å løfte dette fram?

Vi har no kome svært nær å sjå konseptet i levande live, og mykje av æra for dette skal tilfalle Svein Nordvik ved Nordhordland Handverk- og Industrilag. Han har vore standhaftig og dytta prosjektet framover, også i periodar med kastevind imot. Han har tilpassa seg dei utfordringane han har møtt, men har og halde fast ved målet.

Like eins ser vi at det store samarbeidet The Seafood Innovation Cluster no er i ferd med å gjere seg tydeleg merkbare. Også her har ein hatt ein person, Tanja Hoel, som har helde trådane og minna partnarane i klynga på at dei må finne saman om nokre felles plikter. No jobbar ein aktivt med rekruttering, bygging av fagmiljø og forsking/utvikling.

Mange har nok opplevd i sitt eige nabolag at det er enklast å samarbeide tett med naboane om ein har eit konkret felles mål. Det kan vere å sikre tryggare skuleveg for borna, eller bygginga av eit samfunnshus eller idrettsbane. I kvardagen eller driftsfasen kan det vere meir krevjande å mobilisere til felles tiltak og dugnadsånd.

Anten ein skal samarbeide på vegne av næringsaktørar eller i eigenskap av sin plass i lokalsamfunnet, vil det vere nyttig å heile tida setje seg felles mål og avklare plikter ut frå dei. Eit samarbeid som føregår berre på overflatisk diskusjonsnivå kan vere svært sosialt, men sjeldan so produktivt som dei gongane ein set seg noko konkret føre.