Erlend Sødal ny sjef for Skretting i UK og Australia

Nyheter
655

Det pågår ei betydeleg omorganisering i Skretting.

Det siste året har gitt fleire endringar i Skretting globalt. Det siste er at Erlend Sødal får utvida ansvar og overtek ansvaret for Skretting i UK og Australia, i tillegg til Norge.

– Ja, dette er ei kursendring. Nutreco (eigarane) ynskjer å la Skretting reindyrke si profil. Det dei ynskjer å få til er at Skretting konsentrerer seg om fôrmarknaden og styrkar posisjonen sin der. Ein del stillingar og posisjonar som i Nederland vert flytta til Norge, seier kommunikasjonssjef i Skretting Norge, Leif Kjetil Skjæveland, til iLaks.

Kommunikasjonssjef i Skretting, Leif Kjetil Skjæveland. FOTO: Ole Alexander Saue.

Omrokkeringar
Førre veke kunne ein òg lese at Charlie Granfelt får jobben som administrerande direktør for avdelinga i Frankrike.

I november gjekk Therese Log Bergjord inn i stillinga som administrerande direktør for Skretting globalt, etter at Steven Rafferty forlot stillinga i vår.

I tillegg gjekk David Lausten Knudsen frå jobben som marketingdirektør til den nyoppretta stillinga som direktør for forretningsutvikling. Mads Martinsen fekk hans tidlegare stilling som marketingdirektør.

Direktør for forretningsutvikling i Skretting, David Knudsen. FOTO: Ole Alexander Saue.

Sastar på Norge
– Dette er kjempepositivt for oss. Nutreco satsar endo kraftigare på oss. Makttyngdepunktet vert flytta til Norge for Skretting globalt, seier Skjæveland, og legg til:

– Våre utanlandske eigarar satsar på oss, fordi kompetansen sit i Norge og vert ytterlegare styrka. Når Erlend no tek leiinga i UK og Australia blir det endå sterkare konsolidering for laksemarknaden. Det skjer ein del no.