Erko tapte klagesaka og må stenge to Masfjorden-anlegg

988

Det er Bergens Tidende som tysdag skriv at Erko Seafood må stogge driften ved to oppdrettsanlegg i Masfjorden.

I vår kunne ein lesa at Erko Seafood må flytta sine to anlegg i terskelfjorden Masfjorden grunna lågt oksygennivå. Seinare avviste selskapet at utslepp frå anlegget er årsaken, og tidlegare i haust, klaga dei på vedtaket via advokatfirmaet Wikborg Rain.

No skriv altså bergensavisa at Erko Seafood tapte klagesaken, og må stenge lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten.

Det har ikkje lukkast iLaks å få ein kommentar frå administrerande direktør i Erko Seafood, Leif Rune Pedersen.

– Slik miljøtilstanden i Masfjorden har forverra seg dei siste åra er me tilfreds med avgjersla som stadfestar at forureininga til dette fjordområdet må stoggast. Miljøtilstanden er no betydeleg dårligare enn me la til grunn då løyevene vart gitt, seier miljøvernsjef Kjell Kvingedal til BT.

Ereko får drive anlegga fram til fisken er slakteklar i april 2018.

Bakgrunn: