Erko Seafood nekter ansvar for lågt oksygennivå i Masfjorden

Nyheter
960

I vår kunne ein lesa at Erko Seafood må flytta sine to anlegg i terskelfjorden Masfjorden grunna lågt oksygennivå. No avviser selskapet at utslepp frå anlegget er årsaken.

– Fjorden har ikkje bæreevne til dagens oppdrettsproduksjon, sa miljøvernsjef Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen i Hordaland til Bergens Tidende i vår.

No har advokatfirmaet Wikborg Rain, på Erko Seafood sine vegner, klaga vedtaket – som skulle tre i kraft 1. november i år – til Miljødirektoratet. Der avviser dei at det eksisterer dokumentert samanheng mellom selskapet sitt utslepp og nedgangen i oksygennivået i Masfjorden, ifølgje BT.

– Erko Seafood AS vil bli hardt ramma økonomisk dersom vedtaket vert stående, ifølgje Wikborg Rein Advokatfirma.

Dei anslår at produksjonstapet er på fleire titals millionar kroner.

At Masfjorden er ein terskelfjord betyr at den har med trangt eller grunt innløp frå sjøen og dermed begrensa utskiftning av vatn.

Både Engesund Fiskeoppdrett, Blom Fiskeoppdrett og Erko Seafood driv matfiskanlegg i Masfjorden.