Eks-Sølvtrans-sjef kjøper Laponie Shipping

Nyheter
1500

Gjennom oppkjøpet har Intership overtatt driftsansvaret for brønnbåten “Christine” og bemanningsselskapet Laponie Crewing med åtte tilsette, skriv Nett.no. Brønnbåten er frå 2010 og har ein lastekapasitet på 700 kubikkmeter.

Laponie Shipping hadde ein femårsavtale med Grieg Seafood for “Christine”, hovudsakleg med laksefrakt i Finnmark.

– Denne fraktavtalen har vi overtatt ansvaret for. Det gjenstår vel fire år av avtalen, seier dagleg leiar i Intership, Ole Peter Brandal til Nett.no. Han er tidlegare administrande direktør i Sølvtrans.

Håkon Volden, tidlegare regiondirektør i Grieg Seafood, har vore sentral i Laponie-konsernet.

– Oppkjøpet er ein del av strategien vår med å byggje eit brønnbåtselskap, seier Brandal.

Det nystarta brønnbåtselskapet har tidlegare overtatt driftsansvaret frå Laponie Shippping for brønnbåten “Roy Kristian”, også ein avtale på førebels fem år.

“Roy Kristian” vart kjøpt til Laponie frå Sølvtrans i mai 2013. Båten er frå 2001 og har ein lastekapasitet på 650 kubikkemeter.