– Ein statleg salsoperasjon for norsk fisk er heilt latterleg

Nyheter
840

– Det første steget for å løyse eit problem er at du erkjenner at du har eit problem. Om du er for feit og ikkje innser det, er det liten sjanse for at du gjer noko med det, seier Alf-Helge Aarskog til Dag og Tid.

Han snakkar ikkje eigentleg om overvekt, men om lakselus. Og han meiner at den norske oppdrettsnæringa har eit erkjenningsproblem.

Felles lusestrategi
Han meiner det er for mykje oppdrettslaks langs norskekysten.

– Det ville ikkje vore for mykje om næringa hadde ein felles lusestrategi som alle var samde om. Men det har vi ikkje. Vi må erkjenne at vi har ei fundamental utfordring her. Den må vi løyse med teknologi. Men utan ein felles lusestrategi, og med dagens teknologi? I ein del område er nok svaret på spørsmålet ditt ja.

– I kva område meiner du da at det er for mykje laks i dag? I Midt-Noreg?

– Eg vil heller seie frå Hordaland til Lofoten, seier Aarskog til Dag og Tid.

Han er ikkje redd for at høge lakseprisar skal tiltrekke seg nyetablering av landbaserte oppdrettsanlegg i utlandet.

– 80 prosent av norsk laks går til Europa. Eg har vanskar med å sjå for meg masse store landanlegg langs kysten av Frankrike. Det vil koste litt, det.

Latterleg
Aarskog gjentar også Marine Harvest sin skepsis mot Norges Sjømatråd, der Marine Harvest er største finansieringskjelde.

– At vi skal ha ein statleg salsoperasjon for norsk fisk er heilt latterleg. Dei som lagar eit produkt, bør klare å selje det, meiner han.

På spørsmål om laks er viktig for verdas matvaretryggheit, og at ein heller burde ete e anchovetaen og soyaen sjølve i staden for å lage laksefôr av han, svarar han:

– Ideelt sett burde vi alle vore vegetarianarar. I ei ideell verd hadde kommunisme verka òg. Men vi veit at stadig fleire menneske vil ha meir protein i kosten. Eg meiner at det er eit viktig bidrag at vi har lært oss å meistre produksjon av fisk i havet, fordi det er ein meir effektiv måte å lage protein på, seier Alf-Helge Aarskog.

Artikkelen er gjengitt etter avtale med Dag og Tid.