Det nye vekstsystemet prisar éin konsesjon til 93,6 mill. – Frykteleg høgt, seier Cermaq

Nyheter
579

«Forslaget kan gi millioninntekter til laksekommunene», skreiv Regjeringa i ei pressemelding førre veke. Hos oppdrettarane stilna jubelen kjapt då dei såg prislappen.

Prisen er nemleg 120.000 kroner pr. tonn tillatelsen vert utvida med. Med ein standard konsesjon på 780 tonn MTB, eller 945 om du er i Troms og Finnmark, vil det koste totalt 93,6 og 113 millionar kroner høvesvis.

Basert på høge lakseprisar?
– Cermaq er glad for at me no har eit system der kommunane får godtgjersle der oppdrettsnæringa driv i allmenninga, seier administrerende direktør i Cermaq Norway, Knut Folmer Ellekjær, til iLaks, og legg til:

– Me tykkjer likevel at prisnivået som er skissert for veksten i henhold til trafikklyssystemet er frykteleg høgt. Det ser ut til at prissetjinga er basert på dei historisk høge lakseprisane me har sett ein periode, og det bekymrar oss. Eit så høgt prisnivå kan òg bidra til å gjera landbaserte oppdrettsanlegg nær marknaden meir konkurransekraftige.

Cermaq er langt frå det einaste selskapet som reagerer på dei skyhøge prisane. iLaks har måndag teke ein ringerunde til ei rekkje små, mellomstore, og store selskap for å høyre deira betraktningar rundt prisnivået.

Må vurdere nøye
For Arnøy Laks, som held til i Skjervøy kommune i Troms, vil ein konsesjon koma seg på 113 millionar kroner. Det tykkjer dagleg leiar Håvard Høgstad er dyrt.

Håvard Høgstad er dagleg leiar i Arnøy Laks. FOTO: Privat

– Me tykkjer at prisen er høg. Eg rekna på det før helga, og ein konsesjon hos oss er jo 945 tonn, og då vert prisen 113 millionar. Det er ein veldig høg konsesjonspris. Beslutninga sit lenger inne med eit slikt prisnivå, og me må jo vege betydeleg opp og ned før me går inn og tek del i veksten, seier han.

Cermaq tek heller ikkje lett på investeringa.

– Me vil no vurdere nøye om me vil gå inn på dette eller ikkje, seier direktør Folmer Ellekjær.

Andreas Kvarme, direktør i Grieg Seafood. FOTO: Trine Forsland.

– Stiv pris
Storfisken Grieg Seafood har nyleg ekspandert si verksemd i Nord-Norge med si satsing i Finnmark, og leverte i år tidenes beste tredjekvartal. Dei har likevel ikkje bestemt seg for om dei skal ta del i veksten som er førespegla.

– Eg tykkjer prisen er stiv, men det er ting me brukar tid på å evaluere. Me får sjå. Me har ikkje gjort ei endeleg avgjerd på om me skal utvide enno, seier administrerande direktør, Andreas Kvame, til iLaks.

Kan dette verke mot si hensikt når styresmaktene set prisane så høgt?

– Det er litt tidleg å uttale seg om. Det gjenstår å sjå kor mykje dei oppdrettsselskapa ynskjer å investere, svarar han.

Medan dei største oppdrettsselskapa verkar å ha teke veksttilbodet og prisane innover seg, er det fleire av dei mindre oppdrettarane som ikkje ynskjer å uttale seg då dei ikkje har hatt tid til å setje seg inn i det. Mange har òg til gode å diskutere det internt.

– Vurderer det, sjølvsagt
Dagleg leiar i Selsøyvik Havbruk, Aksel Olsen, seier til iLaks at han «ikkje har teke alvoret heilt innover seg» enno.

– Men eg rekna på det og eg fann ut at dette vert mykje pengar. Det vert dyrt. Eg har sett meg litt for lite inn i saka, men sånn umiddelbart tykkjer eg det er ein høg pris for å få produsere eitt tonn meir fisk, seier Olsen.

Er det aktuelt for dykk å bli med på veksten?

– Me vil vurdere det sjølvsagt. Me skal sjå på det, seier han.