BIL-spelaren Tore Svarstad vart i si tid kjøpt av FSK. Tysdag var det payback-time.

Nyheter
822

Tore Svarstad, ein av lakseseljarane hos lakseeksportøren i Horne-Brygge, kjem med eit innspel på møtet. No burde dei vere om seg og støtte laget meinte han. Svarstad vart faktisk kjøpt av Florø Sportsklubb i si tid, og tida i klubben har vore viktig for at Svarstad i det heile slo seg ned i Florø. Han har i tillegg til å vere spelar og trenar også hatt verv i klubben og no kom han til styret med eit forslag om å støtte opp om klubben i sitt hjarte. At alle skulle vere så positive hadde han kanskje ikkje venta.

Det måtte monne

Det var felles semje på huset at dette var noko dei ville vere med på.

– Dei har komme opp ein divisjon og då trenger dei støtte. Vi ønsker å vere med å bidra, men vi ville også vere med på eit nivå slik at det monna, seier dagleg leiar på Bravo Seafood Karl Petter Myklebust til Firdaposten.

Fellesskap

Entusiasmen kring opprykket er noko alle på kontoret kjenner på, og dette meiner dei kan inspirere på fleire felt.

– Opprykket er positivt for florømiljøet også utanfor stadionporten. Mange negative trendar har råka Florø i det siste og denne oppturen trur vi kan fungere samlande for florøsamfunnet, og det ervi er veldig opptekne av i Bravo Seafood, seier Myklebust.

Han ønsker også å utfordre alle andre havbruksbedrifter i Sogn og Fjordane til å vere med.

– Det er mange aktørar i denne bransjen som går godt for tida, og med vårt bidrag håper vi at det kan inspirere fleire til å vere med på løftet. Er vi mange så kan dette bli noko verkeleg stort, seier Myklebust.

Bravo Seafood er ei betydeleg bedrift i Florø då dei omset for svimlande ein milliard kroner i året. Dei er likevel ikkje så mange tilsette og har ikkje vore med på slike beløp tidlegare. At alle ville vere med, og attpåtil fleske litt til, var noko fotballmannen i bedrifta Tore Svarstad var svært nøgd med.

Kvardagen

Det var også styreleiar i Florø Fotball, Arild Melvær.

– 200.000 kroner er eit betydeleg beløp for dei fleste, også for oss, seier Melvær som saman med Øystein Hjertenes tok imot gåva på vegner av klubben. Han er også tydeleg på at Bravo Seafood går med desse midlane inn og støttar kvardagen i klubben.

– Det er mange som ønsker å vere med på festen og det er vi sjølvsagt veldig glade for, men kanskje ikkje så mange som vil vere med å støtte kvardagen for ein klubb. Og det er kvardagar vi har flest av, seier Melvær.

Artikkelen er gjengitt etter avtale med Firdaposten.