Benchmark: – Skuffa over at ankesaka vart avvist

1367

Benchmark tapte ankesaka mot Neptune Pharma, som dei meiner har misbrukt merkevara deira.

I ei fråsegn kom Neptune-direktør Adrian Endacott med sterke skuldingar mot selskapet, som han meiner har trakkasert han og selskapet hans.

– FVG og Benchmark har i 40 månadar brukt det norske rettssystemet til å trakassere meg, min far, og selskapa mine. Me har vore beskyldt for fullstendig uriktige påstandar om tyveri av FVG og Benchmarks forretningshemmelegheiter.

Les mer om det her.

Ein talsperson frå Benchmark svarer iLaks på fråsegnene i ein e-post:

«Benchmark saksøkte Neptune Pharma på grunnlag av at dei har misbrukt Benchmarks forretningshemmelegheiter og handla i strid mot god forretningspraksis med hensyn til Benchmark sitt produkt mot lakselus», skriv selskapet.

«Me er naturlegvis skuffa over at ankesaka vart avvist og trur sterkt på vår sak. Me er glade for å oppretthalda anken mot Neptune Pharma som ulovleg har stole Benchmark sitt varemerke i Norge», står det vidare.

«Benchmark ynskjer nye produkt, tenester, og sannferdig konkurranse velkommen. Selskapet er pliktig til å støtte verksemder med integritet, men me har rett til å forfølge einkvar rettsleg handlig dersom det er naudsynt», avsluttar dei.

Artikkelbilete er av administrerande direktør i Benchmark, Malcom Pye, og er ikkje personen bak fråsegnene over.