Avlusingskongen «Seisund» har vore i drift sidan november. – Betydeleg mindre dødelegheit

Nyheter
7862

Erlend Haugarvoll i Lingalaks er nøgd med drifta.

Med fire Optilice kan den nyleg oppgraderte båten, som Lingalaks, Tombre og Eide Fjordbruk brukte 66 millionar kroner på, avluse 450 tonn i timen.

Austevoll-reiarlaget Brødrene Bakke driftar båten for dei oppdrettsselskapa i Hordaland.

Full aktivitet
– Den har vore i full aktivitet og mykje brukt. Den er veldig bra, og me har komen godt i gang med den, seier dagleg leiar i Lingalaks, Erlend Haugarvoll, til iLaks.

Båten vart bygd i 1991, seinare oppgradert i 2001, og no omgjort til kanskje landets mest effektive avlusingsmaskin i haust.

Interessa for båten har vore stor, og båten har både avlusingskapasitet og vakuumanlegg få kan måle seg med, og ifølgje Arne Bakke i Brødrene Bakke kan ei heil merd avlusast på to timar.

Mindre stress for fisken
– Med denne båten går det fortare, og tiden der fisken er belasta er mykje kortare, og då er det betydeleg mindre dødelegheit. Ei merd går fort, så det vert òg mindre stress for fisken, seier Haugarvoll.

Sjølv om båten er i full aktivitet, vedgår Haugarvoll at det er fine forhold i sjøen om dagen.

– Det går greit. Det er litt rolegare i desse tider som følgje av temperaturen. Det er betre på alle måtar, så det er ikkje så mykje «action» så på sommaren og hausten, seier han.