Avgift som motgift?

Meninger
1670

Ein særskatt for lakseproduksjon ser ut til å vere nærare enn nokon sinne. Det interessante er at omtrent all diskusjon rundt dette har handla om kor vidt kommunane har bruk for pengane, og om lakseprodusentane kan betale. Men innføringa av ein ny type skatt vil sjølvsagt ha andre konsekvensar for demokratiet.

Det vanlegaste argumentet for lakseskatt har vore at kommunane i dag får for lite kompensasjon for å stille sjøareal disponible for lakseoppdrett. Sjøareal er eit fellesgode og ofte eit knappheitsgode. Mange ynskjer å bruke desse areala. Nokre vil drive oppdrett med andre artar, andre vil fiske der, og enno andre vil at områda skal vere urørte av menneskeleg aktivitet.

Mange av forkjemparane for lakseskatt har argumentert med at det vert enklare for kommunane å prioritere areal til lakseproduksjon. Implisitt vil ein vere viljuge til å setje til sides andre interesser i langt større grad, dersom ein kan sjå eit sterkare økonomisk incitament lokalpolitisk. Interessene som då oftare vil bli nedprioriterte vil truleg vere eigarar av bustader og fritidsbustader i nærleiken av lokalitetane. Sistnemnde er dei som oftast har innsigelsar mot lokalitetssøknadar.

Også andre havdyrkarar enn lakseprodusentar vil kunne vente seg trongare kår for sine interesser. Der finst so vidt ein veit ingen planar om at skjeldyrkarar, taredyrkarar eller torskeoppdrettarar skal betale særskatt for areala dei har bruk for. Desse vil altså bli mindre samfunnsøkonomisk interessante, og må rekne med å bli diskvalifiserte i kampen om areal.

Arealtildeling skjer fortrinnsvis gjennom omfattande planprosessar, der alle interesser skal bli høyrte, og alle konfliktar skal avstemmast. Så vert der avsett areal, som igjen kan tildelast lokalitetsvis til aktørar gjennom spesifikke søknadsprosessar med tilhøyrande høyringar. Alle skal seie sitt, frå nabomann til fylkesmann. Ein lakseskatt kan vel neppe lage snarvegar i desse prosessane?

Dersom ideen derimot er at lakseskatten vil gjere dei konkurrerande arealinteressene meir velviljug stemde, er eg svært skeptisk. Samfunnsøkonomi er sjeldan eit tungt vekta argument i desse diskusjonane. Hyttefolk vil ikkje spandere av utsikta si fordi om kommunen kunne tilsetje litt fleire folk, eller betre vedlikehaldet av offentleg eigedom.

Med andre ord; dersom det vert enklare å få tilgang på areal til lakseproduksjon fordi der kjem ein skatt på laksen, har politikarane tenkt å kutte svingar i sakshandsaminga, og i sterkare grad oversjå motstand. Der er ingen forslag under behandling som tyder på dette, og endringar i plan- og bygningslova som ville gje meir makt til kommunane, har nett vorte nedstemde i Stortinget. Dersom det ikkje vert lettare å få tilgang på areal til lakseproduksjon, sjølv om det kjem ein lakseskatt, har politikarane villeia folk. Men der er enno ikkje skatt på tomme valløfte…