Artic Shipping drar inn 70 mill i år

Nyheter
663

– Vi er rigga og i stand til å gjere kva vi vil. Vi har 400 millionar i gjeld, og driftsresultatet i år kjem på 70 millionar kroner, før skatt og finanskostnader. Vi kunne ha betalt ned gjelda på kort tid.

Det seier Ove Vilnes som har drive Artic Shipping i snart 30 år. Reiarlaget eig seks båtar. Fem er lastebåtar som fraktar fôr og den sjette er ein avlusingsbåt, skriv Firda.

Spesialbygde
– I 2013 hadde vi tre båtar. I 2014 sjøsette vi den fjerde, og i år den femte fôrbåten, pluss lusebåten. Til saman eig vi båtar verd 600 millionar kroner no.

– Båtane våre er jo spesialbygde for akkurat denne transporten, difor har vi langsiktige kontraktar på alle båtane. Dermed blir inntektene relativt føreseielege, og resultata avheng av kor flinke vi er på drift. Og då kjem den viktigaste faktoren i Artic Shipping inn, og det er det fantastiske mannskapet vi har om bord i båtane våre. Vi har folk med ein unik kompetanse, og vi har ein veldig stabil og trufast gjeng om bord, gjennomtrekken er veldig liten, seier Vilnes til Firda.

Lærlingar
– På grunn av dei to nybygga og den nye lusebåten har vi hatt behov for 3o nye tilsette dei siste åra. Og vi treng folk med ein heilt spesiell kompetanse. Vi går jo «der ei flyndre kan flyte», som vi seier, i grunne farvatn og smale passasjar, for å komme fram til alle oppdrettsanlegga. Dei fleste lærlingane hentar vi frå Måløy vgs., resten frå Bergen. Etter læretida blir dei aller fleste verande, og blir kadettar og etter kvart maskinistar eller styrmenn.